Eg er vakker!!
Ikkje nødvendigvis etter standarden ein til stadig blir konfrontert med, men etter Guds standard!
I Guds auge er eg vakker!
Og det er vel det som betyr noko? Ja, det er det som betyr noko egentlig - og det er det eg ynskjer skal bety noko: Korleis Gud ser på meg!
----------
Forrige helg var eg så heldig at eg fekk jobbe på Lyngmo under inspirasjonshelg for damer! Dvs nydelige damer, fantastisk forkynnelse av Berit Sunde Olsen, deilig mat, oppreidd seng, lovsang og tilbedelse til vår GODE Gud! Ja, han er i sannhet GOD!
Under denne helga veit eg Gud gjorde noko med hjartet mitt - og det er så herlig. Og eg har lyst å gje deg eit lite innblikk i noko av det.
"Troen kommer av forkynnelsen en hører."
Eg har aldri tenkt at dette bibelverset kunne gjelde meir enn berre trua på Jesus. Kanskje ikkje så rart når ein les fortsettelsen, men eg trur verset gjeld all tru eg har- både den som er sann og den som er usann! Både den tru eg er klar over eg har, og den som ligg ubevisst.
Kva tenker eg om meg sjølv? Kva tankar har eg om meg sjølv? Og kvar har desse tankane og trua kommen frå?
"Pass på at ingen får fanget dere med visdomslære og tomt bedrag
som stammer fra menneskelige overleveringer og grunnkreftene i verden
og ikke fra Kristus."
som stammer fra menneskelige overleveringer og grunnkreftene i verden
og ikke fra Kristus."
Kol 2.8
Bibelen seier ein kan rive ned tankebygningar og ta tankar til fange. (2.Kor 10:4-5) Dette kan gjelde tankar ein har om seg sjølv, Gud eller andre. Eg vil ikkje la onde tankar - tankar som ikkje er frå Gud- ha makt over meg. (Rom 6) For Jesus har vunne seier over alt ondt - og eg har del i hans seier!
Når dei onde tankane snik seg inn vil eg væpna meg med tankar som er frå Gud (1.pet 4,1), og kan eg seie høgt til meg sjølv at dei onde tankane ikkje har makt over meg, for desse vann Jesus over på Golgata!!
"Han kledde maktene og åndskreftene nakne og stilte dem fram til spott og spe
da han viste seg som deres seierherre på korset."
da han viste seg som deres seierherre på korset."
Kol 2:15
Takk Jesus...
Sidan trua kjem av forkynninga er det avgjerande å bruke Bibelen for å få vite sannheten om seg sjølv. Me kan bruke Guds Ord slik Jesus brukte når han blei frista av djevelen. Berit brukte eksempelet om at ein treningsbenk som blir brukt visast på kroppen, og at ein Bibel som blir brukt òg visast på ein..
---------
Dette utfordrer meg til både å rive ned onde tankebygninger og å vere klar over kva eg spreiar med tunga mi! Bibelen er krass i omtalen av tunga og kva den kan utrette - den kan velsigne eller forbanne, den kan ære eller fornedre...
Kva gjer eg?
Spreiar eg positivitet eller negativitet? Byggjer eg opp eller bryt eg ned? Draumer, tankar, kjensler, sjølvbilete, verdigheit?
1 kommentar:
Tusen takk for det du deler, Siv Anita! Dette innlegget kan jeg lese om og om igjen! Gud velsigne deg, min venn;)
Stor klem fra Lina:)
Legg inn en kommentar